torsdag 30. desember 2010

Kva er ei god bok?


Ei god bok etter min meinig, må vera ei bok som fangar ein sjølv heilt i frå starten når ein får auge på den. Eit spennande bokomslag er det som får oss te å ta boka ut av hylla. Eg personleg likar korte kapittel og stor skrift, som gjer det enklare å lesa boka.  Ei god bok er kanskje ei bok som ein sjølv kjennar seg litt igjen i, som for eksempel i ein heilt vanleg kvardag. Det som faktisk står der, må sjølvsagt vera av eiga interesse, elles blir ikkje boka lese.
Ei god bok er ei bok med spenning, lette beskrivingar, litt action, kjærleik og fantasi. Kva må te for å gløyme tid og stad mens du les? For å gløyme tid og stad, må ein forstå det ein les. Boka må heller ikkje gje for mykje informasjon på ein gong, slik at boka blir for tung. Når forfattaren klarer å kombinere mesteparten av alt dette, er boka for meg, nesten perfekt.
Julie…
På mange måtar synes eg Julie er ei god bok, men på andre måtar har ho nokon negative sider og.  Boka omhandlar eit spennande daglegdags tema, om livet te Julie og tankane hennar. Dette gjer slik at me lev oss meir  inn i det forfattaren prøvar å fortelje. Eg synes te dømes at handlinga er litt for daglegdags. Den er for så vidt grei, men måten historia er satt opp te ei bok, likar eg ikkje. Kapitla er altfor lange med mykje beskrivingar som gjer det tyngre å lesa. Og på toppen av det heile, er replikkane skrive på dialekt. Ein må verkeleg skjerpe tankegangen for å i heile tatt klare å henga med.
Dette er ei bok med både positive og negative sider, men likevel likte eg å lesa ho. Det er vel da innhaldet som tel. :-) 


onsdag 29. desember 2010

Tema og bodskap.


Tema.
I ein heilskap kan ein seia at temaet i denne boka, dreiar seg om livet og tankane te hovudpersonen Julie. Men for å gå litt meir inn i livet te Julie, har me kjærleik, død, oppvekst med lengslar og forventningar, litt hat og ulike forhold te andre menneskjer.
Kjærleik omfattar ein heil del av temaet i boka om Julie. Allereie ganske i byrjinga, får me veta at Julie har lett for å forelska seg. Han som ho blir forelska i i starten av boka, heitar Inge og er ein barndomsven: ”Det er så rart det med Inge. Når hun møter ham og ser ham, blusser forelskelsen opp i henne.” Og inni alt dette kjem alle tankane om tvilen. Seinare held Inge på å voldta Julie, noko som skapar hat mellom dei.
I ca siste del av boka, finn ho den rette mannen som heitar Jørgen, ein ven av ein annan ven te Julie. ”En lykkefølelse i henne som hun knapt trodde hun skulle kjenne igjen. For om hun har vært full av tvil mangen gang i denne tiden de har brevvekslet med hverandre, føler hun nå at all tvil er blåst bort. Hun er i alle fall forelsket.”
Personen som døyr i historia er Synna, systera te Julie. Etter Synna er død, er sorga te å merkast. Både bygda, familie og vener er i djup sorg: ”I en glovarm bølge, flommer gråten opp i Julie, og hun må ikke, må ikke gråte nå, for da vil hun aldri greie å stoppe.” ” Minstegutten tar til gråten, han er så liten, skjønner vel ikke annet enn redselen over å se moren gråte.” Dette setter eit dypt spor i Julie og Julie slit me Synna i lang tid etter hennes død.
Gjennom den litle delen av oppveksten hennar vi får vera med på, er det mange relasjonar som Julie skapar te andre menneskjer. Boka fortel hjarteleg om forholda ho har te familien sin, Inge, Jørgen, ei venninne som heiter Randi, Herr Fuglevik og kona, og familien te Jørgen. ” At det må være noe spesielt med mennesker hun knytter vennskap til. Randi er et slikt menneske, den underlige følelsen av slektskap hun kjente for henne allerede første gang hun besøkte henne.”
Grunnen te at eg kan seia at denne boka handlar om oppvekst, er at boka tar oss med på ein reise frå Julie 18 år og voksen, te ho finn seg den rette mannen og blir forlova.
Bodskap.
Bodskapen i denne boka kan vere mykje forskjellig. Eg personleg trur at bodskapen kan ha noko å gjera me lykke. Når ho Julie mista systera hennar Synna, kom saknet som ei frykteleg sorg over Julie. Etter dette trudde ho ikkje at ho skulle få oppleva å forelske seg og bli lykkeleg igjen. Men etter at ho møtte Jørgen, skjedde akkurat dette. Julie fekk oppleva lykka igjen. Bodskapen, trur eg, er at sjølv om ein kanskje er lei seg, og ser mørkt på livet, finnest likevel lykka. Det er berre te å skapa ho for å få ho. Det finnest alltid von.
”For i det siste brevet fra Jørgen tilbyr han henne sin kjærlighet! Så overveldende er det at hun kjenner seg ør og fortumlet. Kan ikke tenke på annet enn dette. Om hun før har sagt til seg selv at hun aldri vil finne lykken, setter hun seg fore at hun ikke vil la triste og tungsindige tanker ødelegge gleden hun nå kjenner.”

onsdag 1. desember 2010

Person og miljøskildring

Personskildring. 
I denne romanen finnest mange personar. Men for å ta ut dei mest sentrale, har me:


Julie: Hovudpersonen i romanen. Ho er 18 år og gledar seg over livet ho lev på hybelen sin langt heime ifrå. Te tross for at ho er ein diktar og skriv ned tankane sine og slikt, blir ho ofte kalt av foreldra ein drømmar. I boka er ho beskrive som: Svart hår, fall i håret, kort nese, fyldig munn, store og gråbøå augar med litt tunge augelokk, svarte vippar og smale rette bryn. Eg får ein følelse av at ho ikkje er særleg nøgd med seg sjølv. Ho syntes ho ikkje er like pen og fin som systera si Synna. Ho er ganske indre følsam: Når problem oppstår, held ho det inni seg og går vekk ifra det. "Ho ser ikkje ut te å ta det så tungt, ho Julie. Ikkje ein tåre har ho felt i dag."



Synna: Eldst i søskenflokken te Julie og er 20 år. Ho er beskrive som pen, liknar på morens folk og er ikkje så høy som Julie. Håret hennar er lyst brunt, Om sommaren når det bleikes av sola, får det eit gyllent skjær. Ho har naturlege krøllar. Når ho var lita hadde ho ein sky av lyse krøllar rundt ansiktet. "Auga er store og brune som på eit dyr. "Lyttende person, hjelpande og flink heime på garden. Ho var veldig flink te å lytte når Julie hadde kjærleiksvanskar. Likner veldig moren i måten å vere på. Ho kan visa temperamentet sitt og bli sint, men sinnet varer aldri lenge. 

Fuglevik: Kjøpmann, arbeidsgivar og herren i huset der Julie leiar hybel. Ein som har orden og sansen for erting. "Viss du ikkje skulle finne på å gå bort og gifte deg no da", erter Fuglevik. " Fuglevik er bortskjemt med Anes matstell". Er kanskje bortskjemt men også grei….

Ane :Kona til Fuglevik. pliktoppfyllande. Har ansvar for alt husarbeid i huset der Julie leiar. Ho kan også beskrivast som veldig omsorgsfull: "Ane må ha stått opp grytidleg denne morgonen. Ved femtida, då Julie kjem ned i kjøkkenet, er rommet varmt og frukostbordet er dekka".  Er også ein hjelpsam person: "Ane insisterar på å følje henne til båten, sjølv om Julie seier det ikkje er nødvendig". 

Inge: Barndomskameraten te Julie og er to år eldre enn henne. I boka står det: Lang hengslete skikkelse, blå augar, ikkje særlig høg men velbygd og lyst krøllet hår. Han kan te tider i hissige diskusjonar vere sta og har sterke meiningar. Han står verkeleg for sitt og sørgjer alltid for å få rett. Ein annan beskrivelse er gløgg : Skal ta studenteksamen te våren og ønskjer å bli prest. Han er også litt naiv vil eg seie.Han lytta ikkje te Julie når ho sa til ham at ho ikkje var klar te å binda seg. Han fortsette med sin meining  og  ville at det skulle bli noko mellom dei.  

Far til Julie : Har svart hår og liknar veldig på Julies personlegheit. Når han blir såra, visar han det ikkje og får det ut på andre måtar. Meir av den rolige typen. Berre tier og går sin veg når mora skjenner og maser. "Det er best å ikkje seie noko", seier faren.

Mor til Julie: sterke ytre følelsar og temperament. Ho er eit hovud lågare enn Julie. Når faren går når mora skjennar og bråkar, lar ho sinne gå utover andre tilgjengelege i huset. Ho vart svak og knust når Synna døydde.  Ho taklar ikkje dette så bra pga. ein tidlegare son som døydde. "I hjelpelaus sorg veit ho at ingen av dei kan erstatta det tapet mora kjenner nå."
Miljøskildring.
Handliga foregår i tidsrommet: 1918- 1920. 
Te der eg har komen te no, har eg fanga i grove trekk to miljø opp. Det eine er ein plass nokon mil sørvest for Kristiansund nær ved Hustadvika der Julie har hybel, og inne i fjorden ved Åndalsnes der familien hennar bor. 

Sør for Kristiansund:
Ei lita handelsbygd. Fuglevik driv butikk og handel med for eksempel faren te Julie. Nokon direkte skildringar av plassen i boka er: "sjøen har tatt septemberhimmelens gnistrande blått opp i seg. – toppar seg i skumkvite bølger som vaskar over svadberg og fjære, kaistolpar og brygger. Innover blånar fjella." Staden ligg altså ved havet. Eg meinar dei har eit sosialt og koseleg miljø. Iallefall blandt ungdommar. To eksemplar på det er ungdomshuset og kvelden dei hadde ungdomsdans. Spanskesjuken er i landet og har altså nådd bygda. Kven som helst kan døy av sjukdomen, og dei er veldig redde for det. Akkurat i denne tida, er det eit sjukdomsprega miljø. 

Åndalsnes:
Sidan eg ikkje har komen lengre enn te då Synna døydde, får eg eit sterkt innsyn om korleis den triste sida av miljøet deira er. Det at det er vinter, forsterkar følelsen av at ein person er død. Folk har respekt for kvarandre. " Folk som ikkje er budne te heimen, sluttar seg te følgjet. Bygda har mista et ungt menneskje, folk visar sin sorg og respekt ved å følgje henne te graven." Det er ein politisk ueinigheit  bygda. På det styste gårdane er det flest høyrefolk. Faren te Julie sit i herredstyret for Venstre i bygda. Gården te Julies familie ligg i ein vik nede ved sjøen. 
 







mandag 1. november 2010

Julie.

Denne boka er skrive av Anne Karin Elstad.  For å vere ærleg, valde eg ho fordi eg dårleg tid og ikkje hadde tid til å gå på biblioteket. :) Men når eg sat heime og skulle velje bok, syntest eg omslaget var ganske spennande. Omslaget viser ei jente som sit i senga og skriv. Boka såg enkel ut, og noko som eg håpar passar for meg!