Ei god bok etter min meinig, må vera ei bok som fangar ein sjølv heilt i frå starten når ein får auge på den. Eit spennande bokomslag er det som får oss te å ta boka ut av hylla. Eg personleg likar korte kapittel og stor skrift, som gjer det enklare å lesa boka. Ei god bok er kanskje ei bok som ein sjølv kjennar seg litt igjen i, som for eksempel i ein heilt vanleg kvardag. Det som faktisk står der, må sjølvsagt vera av eiga interesse, elles blir ikkje boka lese.
Ei god bok er ei bok med spenning, lette beskrivingar, litt action, kjærleik og fantasi. Kva må te for å gløyme tid og stad mens du les? For å gløyme tid og stad, må ein forstå det ein les. Boka må heller ikkje gje for mykje informasjon på ein gong, slik at boka blir for tung. Når forfattaren klarer å kombinere mesteparten av alt dette, er boka for meg, nesten perfekt.
Julie…
På mange måtar synes eg Julie er ei god bok, men på andre måtar har ho nokon negative sider og. Boka omhandlar eit spennande daglegdags tema, om livet te Julie og tankane hennar. Dette gjer slik at me lev oss meir inn i det forfattaren prøvar å fortelje. Eg synes te dømes at handlinga er litt for daglegdags. Den er for så vidt grei, men måten historia er satt opp te ei bok, likar eg ikkje. Kapitla er altfor lange med mykje beskrivingar som gjer det tyngre å lesa. Og på toppen av det heile, er replikkane skrive på dialekt. Ein må verkeleg skjerpe tankegangen for å i heile tatt klare å henga med.
Dette er ei bok med både positive og negative sider, men likevel likte eg å lesa ho. Det er vel da innhaldet som tel. :-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar