I denne romanen finnest mange personar. Men for å ta ut dei mest sentrale, har me:
Julie: Hovudpersonen i romanen. Ho er 18 år og gledar seg over livet ho lev på hybelen sin langt heime ifrå. Te tross for at ho er ein diktar og skriv ned tankane sine og slikt, blir ho ofte kalt av foreldra ein drømmar. I boka er ho beskrive som: Svart hår, fall i håret, kort nese, fyldig munn, store og gråbøå augar med litt tunge augelokk, svarte vippar og smale rette bryn. Eg får ein følelse av at ho ikkje er særleg nøgd med seg sjølv. Ho syntes ho ikkje er like pen og fin som systera si Synna. Ho er ganske indre følsam: Når problem oppstår, held ho det inni seg og går vekk ifra det. "Ho ser ikkje ut te å ta det så tungt, ho Julie. Ikkje ein tåre har ho felt i dag."
Synna: Eldst i søskenflokken te Julie og er 20 år. Ho er beskrive som pen, liknar på morens folk og er ikkje så høy som Julie. Håret hennar er lyst brunt, Om sommaren når det bleikes av sola, får det eit gyllent skjær. Ho har naturlege krøllar. Når ho var lita hadde ho ein sky av lyse krøllar rundt ansiktet. "Auga er store og brune som på eit dyr. "Lyttende person, hjelpande og flink heime på garden. Ho var veldig flink te å lytte når Julie hadde kjærleiksvanskar. Likner veldig moren i måten å vere på. Ho kan visa temperamentet sitt og bli sint, men sinnet varer aldri lenge.
Fuglevik: Kjøpmann, arbeidsgivar og herren i huset der Julie leiar hybel. Ein som har orden og sansen for erting. "Viss du ikkje skulle finne på å gå bort og gifte deg no da", erter Fuglevik. " Fuglevik er bortskjemt med Anes matstell". Er kanskje bortskjemt men også grei….
Ane :Kona til Fuglevik. pliktoppfyllande. Har ansvar for alt husarbeid i huset der Julie leiar. Ho kan også beskrivast som veldig omsorgsfull: "Ane må ha stått opp grytidleg denne morgonen. Ved femtida, då Julie kjem ned i kjøkkenet, er rommet varmt og frukostbordet er dekka". Er også ein hjelpsam person: "Ane insisterar på å følje henne til båten, sjølv om Julie seier det ikkje er nødvendig".
Inge: Barndomskameraten te Julie og er to år eldre enn henne. I boka står det: Lang hengslete skikkelse, blå augar, ikkje særlig høg men velbygd og lyst krøllet hår. Han kan te tider i hissige diskusjonar vere sta og har sterke meiningar. Han står verkeleg for sitt og sørgjer alltid for å få rett. Ein annan beskrivelse er gløgg : Skal ta studenteksamen te våren og ønskjer å bli prest. Han er også litt naiv vil eg seie.Han lytta ikkje te Julie når ho sa til ham at ho ikkje var klar te å binda seg. Han fortsette med sin meining og ville at det skulle bli noko mellom dei.
Far til Julie : Har svart hår og liknar veldig på Julies personlegheit. Når han blir såra, visar han det ikkje og får det ut på andre måtar. Meir av den rolige typen. Berre tier og går sin veg når mora skjenner og maser. "Det er best å ikkje seie noko", seier faren.
Miljøskildring.
Handliga foregår i tidsrommet: 1918- 1920.
Te der eg har komen te no, har eg fanga i grove trekk to miljø opp. Det eine er ein plass nokon mil sørvest for Kristiansund nær ved Hustadvika der Julie har hybel, og inne i fjorden ved Åndalsnes der familien hennar bor.
Sør for Kristiansund:
Ei lita handelsbygd. Fuglevik driv butikk og handel med for eksempel faren te Julie. Nokon direkte skildringar av plassen i boka er: "sjøen har tatt septemberhimmelens gnistrande blått opp i seg. – toppar seg i skumkvite bølger som vaskar over svadberg og fjære, kaistolpar og brygger. Innover blånar fjella." Staden ligg altså ved havet. Eg meinar dei har eit sosialt og koseleg miljø. Iallefall blandt ungdommar. To eksemplar på det er ungdomshuset og kvelden dei hadde ungdomsdans. Spanskesjuken er i landet og har altså nådd bygda. Kven som helst kan døy av sjukdomen, og dei er veldig redde for det. Akkurat i denne tida, er det eit sjukdomsprega miljø.
Åndalsnes:
Sidan eg ikkje har komen lengre enn te då Synna døydde, får eg eit sterkt innsyn om korleis den triste sida av miljøet deira er. Det at det er vinter, forsterkar følelsen av at ein person er død. Folk har respekt for kvarandre. " Folk som ikkje er budne te heimen, sluttar seg te følgjet. Bygda har mista et ungt menneskje, folk visar sin sorg og respekt ved å følgje henne te graven." Det er ein politisk ueinigheit bygda. På det styste gårdane er det flest høyrefolk. Faren te Julie sit i herredstyret for Venstre i bygda. Gården te Julies familie ligg i ein vik nede ved sjøen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar